Skeiv kalender 2018 har blitt til etter samarbeid mellom Skeivt arkiv og FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald. Kalenderen viser at rettigheitskampen for skeive har tatt opp i seg viktige og alvorlege tema, men ofte på ein humoristisk, glad og ironisk måte. Vi vonar at mange vil få eit gledeleg gjensyn med aktivismen dei sjølve deltok i, medan andre vil hente inspirasjon og glede frå ein viktig del av vår felles historie. 


FRI har sidan 1950 arbeidd for rettane til skeive i Noreg og i resten av verda. Først som Det norske forbundet av 1948 (DNF-48), deretter som LLH, før vi vart FRI i 2016. Skeivt arkiv tek vare på, dokumenterer og formidlar skeiv historie, eller rettare sagt dei skeive historiene, då det er eit komplekst og samansett felt det er snakk om.

Rettigheitskampen i Noreg var lenge fokusert på – og utkjempa av – aktivistar som definerte seg som lesbiske kvinner og homofile menn. Mangfaldet i Noreg i dag inneber at somme finn seg til rette med identitetskategoriar som lesbisk, homo l, bi l eller trans (lhbt), medan andre framhevar identitet som meir flytande og identi serer seg som kjønnsskeiv, ikkje-binær, genderqueer, eller skeiv for å nemne nokre få døme. Skeivt arkiv kan endå ikkje heilt spegle dette mangfaldet, og vi vonar at mange vil vurdere å donere materiale til arkivet, stille til intervju, eller på andre måtar bidra slik at vi endå betre kan dokumentere og formidle den store breidda i den skeive rørsla. Kontakt gjerne Skeivt arkiv dersom du har innspel på innhaldet i kalenderen.
 

Finn og kontakt ditt nærmeste fylkeslag på foreningenfri.no