Appell til Arctic Pride

FRI-leder Viljar Eidsviks appell til Arctic Pride, lørdag 16. november 2024.

Tusen takk for mogelegheita til å seie nokon ord her i dag, og tusen takk for at de er her! God Pride til alle saman!

Det er veldig bra at de er her, for no treng vi alle gode krefter. For to veker sidan vant Trump valet i USA, og FRI får no fleire henvendinger frå transpersonar i USA som er redde og som vurderar å søke asyl i Norge. For eit år sidan skjerpa Putin det kriminaliserande lovverket mot skeive i Russland, der du no kan bli satt i fengsel for å delta på skeive arrangement eller støtte rettigheiter til skeive. Og i Uganda risikerar skeive ei framtid som inkluderar dødsstraff. Verda går feil veg.

Vi ser ein global antigenderbevegelse som nærer seg på homofobi og transfobi – dei veks ved å spre hat. Antigenderbevegelsen er både ein bevegelse av verdikonservative kristne, transeskkluderande såkalla feministar og høgreekstreme som bruker transfolk og andre skeive som syndebukk for alt frå dårleg økonomi til skilsmissestatistikkar.

Også i Norge går utviklinga feil veg. Anmeldt hatkriminalitet mot skeive aukar. Negative ytringer på nett mot skeive aukar. KRF stiller forslag på Stortinget om å utestenge Rosa kompetanse frå norske skular, og behandlingstilbodet for transpersonar blir stadig meir utilgjengeleg. Vi står i eit backlash mot skeive og mot skeive rettigheiter.

Derfor er eg veldig glad for at de er her i dag. For vi samlar oss for ei betre verd. Vi samlar oss mot diskriminering, mot hatkriminalitet, mot mobbing. Vi står saman i solidaritet med skeive verda over, og saman skal vi slå tilbake backlashet mot skeive rettigheiter. Vi heisar regnbogeflagget, biflagget, transflagget, bamseflagget og alle dei andre vakre flagga i Regnbogefamilien.

FRI jobbar for at alle skal kunne vere seg sjølv, uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller kjønnskarakteristika. Vi vil ha ein verden der skeive får like god eldreomsorg som alle andre, der skeive elevar kan føle seg like trygg på skulen som alle andre og der alle får den helsehjelpa dei treng. Skeive skal kunne føle seg trygge og likestilte uavhengig av kvar ein bur i verda, kva religiøs tilhørigheit ein har eller kva etnisk tilknytning ein har. Kvinneundertrykking, rasisme, fornorskning, funkofobi og anna undertrykking må bekjempast. Tryggheit, likestilling og likeverd er noko alle er tjent med, det skapar eit betre samfunn for alle!

Å markere pride er både ein fest og ein protest. Når vi går i parade, dansar på etterfesten eller viser fram skeiv kunst og kultur, så er det ei synleggjering av det vakre skeive mangfaldet som vi vil ha plass til. Når vi er samla her i dag, så er det fordi skeive rettigheiter har mykje støtte. I Norge ser vi at fleire heiser regnbogeflagget. Fleire tar eit aktivt standpunkt for skeive sine liv og rettar. Skeive skal kunne elske kven ein vil og vere dei ein er. Vi kjem ikkje til å slutte å kjempe før alle før desse rettigheitene, for ingen er fri før alle er fri. Eg ønsker de både ein god fest og ein god protest vidare!

Posted by PRJ