Ny organisasjonsrådgjevar i FRI Oslo og Viken

Møt Oliver Zivana Inka Torvund, FRI Oslo og Vikens nyansatte organisasjonsrådgiver.

Hei alle aktivitetsgrupper, frivillige og medlemmer av FRI Oslo og Viken!

Eg heiter Oliver og er FRI Oslo og Viken sin nytilsette organisasjonsrådgjevar. Engasjementet mitt for aktivisme strekk seg frå det eg har gjort som kunstnar og skribent- til å jobbe på grasrotplan med festivalar, politikk og kultur for å skape trygge rom for skeive.

Nokre område eg brenn ekstra mykje for er funkisrettar, innføring av ein tredje juridisk kjønnskategori, urfolksrettar og antirasisme. Ikkje minst er desse områda viktige i arbeidet med å skape morosame, inkluderande og trygge møteplasser for skeive.

De som er frivillige i FRI Oslo og Viken er heilt essensielle for at organisasjonen skal kunne bløme og gro til det han har potensiale for- difor er ein av dei aller viktigste oppgåvane eg har å bli kjent med dykk! Eg gler meg til å treffe dykk på komande arrangementer, og ser fram til å samarbeide med alle aktivitetsgruppene i Oslo, Akershus, Buskerud og Østfold.

Sit du med eit ønskje om å starte ei aktivitetsgruppe eller verte engasjert som frivillig, men veit ikkje heilt kor du skal starte? Eller har du behov for meir tilrettelegging på arrangementer eller liknande? Send ein e-post til oliver@friosloviken.no eller hei@friosloviken.no og me kan slå av ein prat!

Venleg helsing,
Oliver Zivana Inka Torvund (hen/han)

Organisasjonsrådgjevar i FRI Oslo og Viken

Posted by PRJ