Så mykje som 60 % av skeive menn og cirka 2 av 3 transpersonar har opplevd å bli mobba på barne- eller ungdomsskulen. KRF legg stein til den byrden, når dei vil ta frå lærarane kompetanse og viktige verktøy i møte med desse ungane.
Barn skal få vere barn. Barn skal få leike, utforske og finne ut kven dei er. Omgitt av trygge vaksne som ser og møter dei, lærar dei å respektere kvarandre, inkludere og å sette grenser.
Ein god skule der lærarane har verktøy til å ivareta alle elevear er eit offentleg ansvar. Vi veit at skeive elevar mobbast meir, i større grad enn andre barn og unge utsettast for vold, og at ungdom generelt ønsker betre seksualitetsundervisning. Vi veit også at lærerstudentar ønsker meir undervisning om kjønn og seksualitet. I fleire tiår har vi i FRI – Foreningen for kjønns- og seksulaitetsmangfald fått tilbakemeldingar om at lærarar føler seg usikker på tematikk knytta til kjønn, skeive elevar og skeive familiar.
I 2011 oppretta FRI derfor det faglege tilbodet Rosa kompetanse skule. Pedagogar med relevant kompetanse underviser lærarar om kjønns- og seksualitetsmangfald. I dag er tilbakemeldingane fra lærarane gode: 95 % opplever kurset som generelt nyttig, og 85 % har opplevd kurset som nyttig for å ivareta skeive elevar. Opplegget er trygt, fagleg forankra i ei ekstern referansgruppe og støtta av Utdanningsdirektoratet.
Men nokre er glade i å male fanden på veggen. Vi har dei siste åra sett gjentakande angrep på Rosa kompetanse skule, seinast ved at KRF-partileiar Bollestad ønskar å ta opp Rosa kompetanse skole i Stortinget. Når KRF går i bresjen for å strupe kompetansehevingstilbod for å skape debatt, skyv dei utsatte ungar foran seg, mot betre vitande, i eit forsøk på å vinne veljarar.
Konsekvensane er at lærarne vil vere dårlegare i stand til å møte ungar i skulen på ein trygg og god måte, og i verste fall at skulen kun blir ein god stad for nokre.
Og KRFU går enda lengre og farer med direkte løgn. På Dagsnytt 18 påstår Hadle Rasmus Bjuland, leder i KRFU, at Folkehelseinstituttet har advart mot Rosa kompetanse skule. Dette er ikkje sant, og Bjuland veit godt at dette ikkje er sant. Påstanden begrunnar han i ein tre år gammalt intervju i Minerva, med ein avdød, tidlegare tilsatt, blant FHI sine 1200 tilsatte. Intervjuet blei i si tid gjort som privatperson.
Vi diskuterer gjerne korleis vi gjer skulen god for alle, men ber KRF, KRFU og Bjuland om å halde seg til sannheiter når dei i framtida omtalar Rosa kompetanse i skulen.
Rosa kompetanse har blitt skyteskive for billege politiske poeng basert på sviktande faktagrunnlag. Taparane i debatten blir dei skeive elevane. Det offentlege må ta meir, ikkje mindre ansvar for å sikre elevar sitt psykososiale læringsmiljø. FRI ønsker fleire aktørar velkommen til å bli med på dugnaden for ein likestilt skule for skeive elevar. I mellomtida ber vi om at KRF ikkje ofrar skeive elevar for billege politiske poeng.
Denne kronikken blei først publisert i Vårt Land 07.05.24.